Det nye brukargrensesnittet til HyperSys har vore tilgjengelig i fleire månadar no, og vår ny-tilsette interaksjonsdesignar Johanne, vil ha tilbakemelding på opplevinga di om det nye designet.
Det nye designet omfattar meir enn berre fargar og skrift, og mykje går med på korleis ein finn fram til informasjon, korleis ein gjer handlingar og liknande. Noko har vi kanskje treft blink på, men andre ting må vi forbetre. Dette er ein prosess som vil gå over tid, og vi gjer stadige forbetringar.
Vi jobbar med brukaropplevelse, og vil gjerne høyre frå dykk som har prøvd ut det nye brukargrensesnittet. Oppleves det nye designet som brukarvennleg? Kvifor, kvifor ikkje?
Er det til dømes lett å navigere rundt dei ulike sidene? Er det lett eller vanskeleg å finne fram til dei funksjonane du leitar etter? Kva tykkjer du om korleis større mengder informasjon og tekst blir vist?
Kanskje har du andre tankar om korleis designet kan bli endå meir brukarvennleg. Uansett kva tankar du har om designet, vil eg gjerne høyre tilbakemeldingen din!
For at eg skal forstå kva du referer til, treng eg enten at du deler skjerm med meg under møtet, eller i naud, visar til skjermbilete eller lignande.
NB! Dette er ikkje support-samtale, eg er nytilsett og kjenner ikkje alle krikar og krokar av HyperSys endå. Det er også kurs for nytt grensesnitt tirsdag 5. desember, og grunnkurs 23. november, som du kan melde deg på HER. Treng du support, anbefalar me å melde deg på her.