Driftsstatus for HyperSys
Status frå twitter (@unidrift)
Vi nyttar p.t. X/Twitter for driftsvarsel, men held på å gå bort frå dette. Endringar frå deira side gjer at vi ikkje kan vise innhald derfrå på denne sida, men du kan gå direkte til X/Twitter for å sjå innhaldet.
[follow_button username=»unidrift»]
Dersom du vil ha driftskalendaren vår i eigen kalendar, kan du gjere det. Vi baserar oss på Google calendar, og dette er ICS-lenka du må bruke. Dersom du brukar Google kalender sjølv, er denne hjelpesida nyttig.
Kva betyr vedlikehald? Vil eg merke noko til det?
Når vi gjer endringar i HyperSys’ programkode (t.d. lagar nye funksjonar eller gjer endringar på eksisterande), må vi leggje ut ny versjon av HyperSys. Du vil normalt sett ikkje merke noko til dette, men for å vere sikker har vi «vedlikehaldsvindauge». Veldig sjeldant blir det òg «rulla ut» programkode utanom, t.d. ved kritiske feil. Sannsynlegvis legg du ikkje merke til det, dei fleste oppdateringar tek under eitt sekund. Vi anbefaler dog at du ikkje planlegg oppgåver som å hente ut medlemsliste, utsending av melding og liknande når det er vedlikehald.
Får vi varsel?
Planlagt vedlikehald blir normalt sett ikkje varsla til alle kundar, men står i kalendaren. Om det er venta lengre nedetid legg vi ofte ut varsel på innloggingsida til HyperSys litt før vedlikehald skjer. Dersom du vil få varsel om hendingar som har med drift å gjere, kan du melde deg på vår e-postliste med skjemaet under.